Fadnes Rekneskap AS er eit autorisert rekneskapsførarselskap med solide røter på Voss. Vi held til i Vangsgata 50 og har vore ein påliteleg samarbeidspartnar for små og mellomstore verksemder sidan oppstarten i januar 2017 – som ei vidareføring av det personlege føretaket Jarle Fadnes Regnskap.
I dag er vi fire tilsette med brei erfaring frå både økonomi og andre bransjar. Tre av oss er statsautoriserte rekneskapsførarar. Vi betener om lag 180 kundar i Vossaregionen og jobbar for at alle skal få tett og personleg oppfølging, med ein fast kontaktperson som kjenner verksemda di og forstår behova dine.
Hos Fadnes Rekneskap får du meir enn berre tal og rapportar. Du får folk som bryr seg om korleis det går – og som alltid er klare til å finne gode løysingar saman med deg. Vi trur på klare svar, eit språk folk forstår, og eit effektivt samarbeid basert på tillit og engasjement.
Med moderne system og digitale verktøy held vi rekneskapen oppdatert og oversiktleg – utan at det menneskelege forsvinn. Du får ein partnar som ser deg, støttar deg og hjelper deg å navigere trygt i økonomien – både i kvardagen og på lengre sikt.



Vi tek gjerne ein uforpliktande prat om kva vi kan hjelpa deg med. Ta kontakt – så finn vi gode løysingar saman.